Lading av elektriske kjøretøy

Har du fått deg el-bil og lurer på om du lader trygt?

Idag er det ikkje lenger lov å installere ein vanleg stikkontakt eller industrikontakt for lading av el-bil. Frå no av lyt du installere ein egna ladeboks om du skal lade bilen heime.

Årsaken for dette er at kontaktane ikkje er beregna for den langvarige belastningen som oppstår ved lading av elbilar. Ein rett installert ladeboks er ei mykje sikrare ladeløysing enn ein stikkontakt. Den tåler meir straum og ladeboksen skal ha sikkerheitsfunksjoner som gjer ladinga tryggare.

Me har laga nokre skisser som beskriver bedre enn ord kva me har oppdaga av varmgang dei siste åra.

Lader du med den medfølgande “nødladeren”?

Det er ikkje sikkert at det er på synlege stader varmgangen oppstår.

- Ein utekontakt kan gå via mange punkt i installasjonen som også vert utsatt for varmgang. Dette kan være brannfarleg.

- Husk på dette om du er på juleferie eller liknande hos foreldre eller besteforeldre og treng lading av bilen.

Type 2 lader?

DLE har oppdaga fleire anlegg med godkjent installerte ladere som har opplevd varmgang!

- Den elektriske kablingen føre laderen har ikkje vore egna for slike langvarige belastninger.

- Pass på at ditt anlegg er egna, det vil sei at inntak, sikringsskap og kablar er i forskriftmessig stand i tillegg til ladeboksen.

DLE registrerer og at mange oppgraderer sikringsskapet sitt med nytt materiell og installerer ny sikringskurs til El.billader.

Når dette arbeidet vert utført er det svært viktig at også Inntakssikringer blir skifta ut med nytt materiell dersom disse er av typen skrusikringer (Uz).

Uz sikring blei forbudt å installere som inntakssikringer/hovedsikringer etter 1986. Dette mellom anna grunna fare for varmgang som kan medføre branntilløp.


Elbil lading på anlegg som ikkje er egna er brannfarleg.

Det lokale eltilsyn tilrår utvendig tilknytningsskap. Fordelane med å flytta belastning ut frå det gamle sikringsskapet som står inne i huset er stor. Dette vil kunna redusere faren for varmgang og brann betydeleg.

Mange gamle sikringsskap er allerede overfyllte, og lite eigna for utviding. Å få leda vekk eventuelle overspenningar før dei går inn i anlegget er og fordelaktig.

Tidsbruk og tilgjengelegheit for elektrikar som skal kople til nytt utstyr som elbil-ladeboks eller solcelleanlegg bør og takast med i vurderinga. Dette er den mest framtidsretta løysinga, og verdien på el. anlegget ditt aukar.
— Det lokale eltilsyn ved kvam energi nett as