Kompensasjon ved langvarige straumbrot

Hus og fritidshus/hytter som opplever meir enn 12 timar samanhengande straumbrot, skal få økonomisk kompensasjon frå nettselskapet.
Lengda på avbrotet vert rekna frå det tidspunktet nettselskapet visste, eller burde visst om avbrotet.

For å melda om avbrot, kan ein nytta vakttelefonen: 56 55 33 33.

Kompensasjonsbeløp pr. målepunkt:

Hus:                            500,- kr etter 12 timar, deretter kr. 40,- pr. time
Fritidshus/hytter:     125,- kr etter 12 timar, deretter kr. 10,- pr. time

Utbetaling skal skje innan 12 veker etter normalforsyning, og kjem som fråtrekk på nettleigefaktura.

Merk at det årleg samla kravet ikkje kan overstiga forventa årleg innbetalt nettleige.
Sluttbrukar som sjølv er skuld i eit straumbrot som varer over 12 timar har ikkje rett på kompensasjon