HAN-porten gir deg tilgang til nyttig data


Om du ønskjer å styre straumforbruket ditt betre, kan det vere ein idé å bestille opning av HAN-porten på straummålaren din. Dette kan du gjere her

I den nye AMS-målaren i sikringsskapet ditt er det ein eigen fysisk utgang kalla HAN-porten (Home Area Network). Data frå HAN-porten kan brukast til å optimalisere smathus/smartheim-løysingar eller følge opp eige forbruk. 

HAN-porten er i utgangspunktet stengt av, og du må sjølv gje nettselskapet beskjed om du ønskjer å opne porten. Tenesta med HAN-port er gratis og når porten er opna får du detaljert informasjon:

  • straumforbruk ved avsjekk

  • strømforbruk siste time

  • spenningsnivå

Når porten er opna kan du sjølv kople til kommunikasjonsløysingar eller “smarthjem”-tenester., og du vil trenge utstyr som du koblar på HAN-porten.  Dette er utstyr og løysingar du må du bestille hjå andre leverandørar. Sjå oversikt på Norsk elektroteknisk komite.

Hugs at det berre er du som kan lese av data frå HAN-porten, det er din eigedom. Nettselskapet eller ein eventuell tredjepart får ikkje tilgang til data frå HAN-port utan at det først er avtalt med deg.