AMS målar

AMS målar.png

Bruksanvisning til den nye AMS målaren

Beskriving av målaren og funksjonaliteten i den.

Du kan stola på den nye straummålaren

Du kan vera trygg på at informasjonen om straumforbruket ditt ikkje vert misbrukt

I den siste tida har media skrive om montering av automatiske straummålarar i Noreg, og Datatilsynet åtvarar mot at dei nye målarane kan registrera informasjon som kan gje andre innsyn i privatlivet ditt. Nettselskapa er underlagt dei same strenge reglane som bankane når det gjeld personvern og datatryggleik.

All informasjon som vert sendt er krypert med unike krypteringsnøklar. Ingen utanforståande har tilgang til dataene, utan at kunden sjølv gjev fullmakt til det. Datatilsynet har sjølv medverka til tryggleiksveiledaren for dei nye målarane.

Straumselskapa brukar informasjonen til å gje kunden nøyaktig faktura, og til drift og vedlikehald av straumnettet.

Informasjon frå dei nye målarane seier ikkje noko om kva type apparat straumen er brukt til, kun mengda som er brukt. Straumselskapa har verken lov eller teknologi til å registrera forbruk på eit slikt detaljnivå at det fortel kva straumen vert brukt til.

Fordelar med den nye straummålaren

Det vert enklare for deg - du slepp å lesa av straummålaren

Det er tryggare for deg, nettselskapet får betre informasjon ved straumbrot og kan retta feilen raskare

Du får betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket ditt

Målaren kan om ynskelig koblast opp mot energistyringssystem. Du vel sjølv leverandør av denne typen utstyr. 

Raskare feilretting

No må du som kunde sjølv melde frå om feil i straumnettet. Når dei nye målarne er på plass, vil du sleppa å gjera dette – då sier målarne sjølv frå. Dette gjer at me kan retta feila vesentleg raskare enn før.

Slik som det er i dag, bruker montørane tid på å lokalisera kvar feilen er. Kombinert med målingar som vert henta frå nettstasjonane, vil montørane kunne komma raskare ut for å rette feil.

Slutt på stipulering

Informasjonen Kvam Kraftverk får inn frå målarane, skal brukast til å gi kundane ein nøyaktig straumrekning kvar gong for den aktuelle perioden. Det vert ikkje naudsynt å stipulera forbruket meir. Dette betyr at kundane får rett straumrekning heile tida, og slepp ubehagelege overraskingar.

Hovedutrullinga av AMS målarar er ferdig!

Hovedutrullinga av AMS målarar er ferdig, og omlag 7200 målarar er skifta i vårt nettområde.

Dei fleste av kundane våre har fått ny målar, men det gjenstår nokre kundar, der tidlegare tidspunkt for målarskifte ikkje har passa.

Dersom De er ein av desse kundane, ta kontakt på tlf. 56 55 33 00 for å avtala tidspunkt for skifte.

Det er no målarmontør frå Kvam Energi Nett AS som utfører dei siste målarskifta.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Mi side

Neste
Neste

Bestill nettabonnement